Utøvarinformasjon
Vi ønsker alle utøvere velkommen til Sandneshallen. Under har me samla informasjon som me håper kan vera til hjelp for alle våre gjester.
Garderobar
Det er tilgang til garderobar i Sandneshallen.
Oppvarming/tilgang til hall
Det er svært gode oppvarmingsmuligheter i Sandneshallen. Både i forkant og under stevnet. Hallen er tilgjengeleg frå kl 0900 laurdag og søndag. Fredag er hallen tilgjengeleg fram til kl 2000.
Stevnekontor/opprop
Informasjon og service. Individuell utdeling av startnummer. Avkryssing/opprop foregår her seinast 1 time før øvingsstart.
Åpningstider:
Fredag 27. januar: kl. 17-20
Laurdag 28. januar: kl. 09-17
Søndag 29. januar: kl. 09-17
Callroom
Foregår ved bord satt opp i område bak 60m start seinast 20min før kvar enkelt øvingsstart. Her skal konkurransedrakt inkl startnummer og reklame, sko, antall og dimensjon på piggar visast fram for aktuell øving.
Mat
Det blir tilgang til gratis mat (brødmat, pålegg m.m.) i kaffeteriaen mellom øvingane.
Piggsko
Det er ingen særkrav til bruk av piggar på friidrettsflatene i Sandneshallen. Det betyr at det er tillatt med opp til 6mm spisse piggar på friidrettsflatene. Merk at høgde kan foregå med tilløp på fleirbruksområdet der det kun er tillatt med opp til 6mm butte piggar.
Hopphøgder
Starthøgde blir fastsatt med utøvarane kort tid før øvingsstart. Hopphøgda blir auka
med 3 cm om gongen i høgde og 10 cm i stav.
Oppbevaring av stavar i Sandneshallen
Å reisa rundt med en haug med stavar er lite kompatibelt med hotellrom, hotellheisar eller liknande. Ta turen oppom hallen, så skal me finna plass til stavane.
Me har også eit utvalg stavar til utleige under mesterskapet. Ta kontakt med Are Torsvik (tlf 99415351) for informasjon.
Lege
Det vil vera lege/førstehjelp i hallen under mesterskapet.
Premieutdeling
Premieutdeling etter stevneslutt søndag for J15, J16, J17, KS, G15, G16, G17, KJ19,MJ19, MS.
For J13, J14, G13 og G14 blir det eiga premieutdeling, utanom mesterskapet, laurdag etter siste øving.
Siste premiering søndag er for lagkampen.
Resultater
Blir lagt ut og oppdatert fortløpende på denne nettsida. Resultater blir også slått opp bak tribunen.