Dagsprogrammet
Dagsprogrammet for NM/UM mangekamp inne 2023 er fastsatt av Norges friidrettsforbund. Utanom mesterskapet blir det lagt inn mangekamp for 13 og 14-åringar, enkeltøvingar og lagkamp.
Mesterskapet går over to dagar; laurdag 1130 - ca.1700 og søndag 1100 - ca 1730.
* Ikkje del av mesterskapet
Lagkamp
I samband med årets NM/UM mangekamp inne blir det ein uoffisiell lagkamp.
Konkurransen har to klassar, ein for kvart kjønn:
-
Jenter 15-17, KJ19 og KS
-
Gutar 15-17, MJ19 og MS
Minimum to utøvarar, av aktuelt kjønn og klubb/lag, må starta i mangekampen. For kvar utøvar er dei to beste poengsummane oppnådd i enkeltøvingar under mangekampen tellande og blir lagt saman. Den klubben/laget som oppnår høgast poengsum for sine utøvarar vinner lagkampen for aktuelt kjønn.